Thursday, May 17, 2012

Hunden frå Baskerville (Arthur Conan Doyle, omsett av Ragnar Hovland)

Jippi, denne boka var morosam! Nynorsken er ikkje særleg vanskeleg (anna enn når vi får høyre soga om Hunden frå Baskerville, som står i eit eldgamalt dokument. Då må sjølvsagt språket stå i stil, slik det gjer i originalen.), og stilen i boka er humoristisk.
Boka mi  med merkelappar:)
Verdas beste kriminalroman!

Sommaren 2011 var eg på leiting. Eg leita etter ei god bok på nynorsk, og ikkje kva som helst god bok. Det måtte vere ei bok eg hadde lyst til å lese med ein klasse, og som eg trudde så mange som mogleg i klassen ville like, for eg ville at dei skulle få ei positiv oppleving med litteratur på nynorsk. Eg kjøpte og las fleire bøker, og spurde alle eg trefte om kva som var yndlingsboka deira på nynorsk. Då eg spurde mamma sa ho "har du tenkt på Sherlock Holmes? Både eg og lillesystra di har riktig kosa oss med Hunden frå Baskerville". Hm, tenkt eg, som hadde tenkt meg ei moderne, trendy og eg veit ikkje kva slags bok. Mamma les stadig vekk. Heile tida. Og systera les sjeldan. Nesten aldri. Og begge dei hadde altså kosa seg med Sherlock og Dr. Watson. Då måtte eg prøve òg. Og plutseleg visste eg kva elevane mine skulle få kose seg med!

Holmes og Watson er i leilegheita til Holmes når dei får besøk av Dr. Mortimer, som fortel at han ikkje trur på det overnaturlege, men no har det altså skjedd noko heilt spesielt. Vi får høyre om den grusomme helveteshunden, og forbanninga som kvilar over familien Baskerville. Det går som det må gå, Holmes blir nysgjerrig og tek saka. Han sender Dr. Watson til Baskerville Hall, der Watson møter eit rikt persongalleri; ei vakker ung dame, ein karismatisk naturforskar, ein ganske galen landeigar, og dei alvorsamme tenarane på Baskerville Hall.

Ikkje berre kosa mamma, syster mi og eg oss med denne boka, men fleire av elevane seier at dei rett og slett kosa seg med å lese! Mission accomplished! Happy norsklærar :)

Lærarar, de kan lese etter jumpbreaken dersom de vil vite korleis vi jobba med denne boka.



Eg har ploga hovudmål og sidemål i år, og det var kjempegøy! Vi skreiv ein tekst mindre både før og etter jul, og så nytta vi all den ekstra tida til å lese meir. Så vi vann å lese ein valfri roman på hovudmålet i første termin, og å lese ein roman saman i andre termin på sidemålet. Romanen vi las saman var altså Hunden frå Baskerville. Både eg og elevane har opplevd både ploginga og denne romanen som suksessar.

Vi brukte 5 veker og ein ferie på å lese boka. Ferien var Vinterferien, og då skulle dei lese det første kapitlet. Første mondag etter ferien gjekk vi gjennom kva vi hadde lært om karakterane vi møtte der. Dei påfølgjande vekene leste elevane tre kapittel i veka (bortsett frå i veke 4, kapittel 11 og 12 er lange nok til å utgjere ei vekes leseing). Vi varierte arbeidet med boka. Fredag var bokdagen vår, og då enten snakka vi og skreiv på tavla, gjorde oppgåver til dei aktuelle kapitla, teikna, eller skreiv referat. Det vart óg to oppgåver på tentamen, som ein del valde. "Premien" til slutt var å sjå "Baskerville"-episoden i den nye BBC-serien Sherlock. Vi diskuterte forskjellane mykje - det er mange av dei - og dette var kjempeinteressant!

Vi fokuserte på karakterane, handlinga og motsetjinga mellom det naturlege og det overnaturlege. Denne boka les eg gjerne med fleire klassar.

Sjølvsagt er det elvar i klassen som av forskjellige grunnar ikkje les nynorsk. Ein lånte lydboka, ei lånte boka på norsk, og ei på engelsk.

No comments:

Post a Comment