Saturday, September 21, 2013

"Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar" (Bjørn Sortland)

Denne hadde eg gledd meg til. For det første hadde eg høyrd gode ting om boka på norsklærarkurs om bøker  på nynorsk, for det andre er omslaget superlekkert, berre sjå her:
(bilete frå nettsida til forfattaren sitt eige forlag, Pinnsvin)
og for det tredje lovar tittelen eigentleg pupp. Og kven treng ikkje pupp i livet sitt? Hovudpersonen i boka, Ivar, treng absolutt meir pupp. Men så er han personleg kristen, og ifølge eiga utsegn ekstremist på den måten at han trur både på kjærleiken og ekteskapet. No er han førti og blir skrivekursleiar for eit par eksnarkomane damer, og Sonya som held til hos dei to damene.

Venninna mi (òg norsklærar) møtte meg då eg kom hoppande og dansande ut frå biblioteket på skulen med denne boka, og sa noko slikt som "Å, ja, eg vart ikkje så imponert over den der, eg. Men så liker eg ingen bøker for tida. Forresten, den første delen var ganske morosam". Hm, tenkte eg. Seier du det. Så sette eg i gang med å lese. Og vart ikkje imponert, eigentleg. Og dette skulle vere den morosame delen? Eg må innrømme at eg tykte første delen av boka var meir trist enn morosam, men når det er sagt, så måtte eg trekkje på smilebandet nokre gonger òg. Og så fann eg, da eg las vidare, at eg likte den andre delen av boka best. Det byrja å skje ting, og det blei både litt spennande og morosamt. Så eg las ut boka, og angra ikkje på tidsbruken. Sjølv om eg kjende meg litt snytt på puppefronten :)

Boka ser forresten ikkje berre lekker ut utanpå, inni er det fine illustrasjonar. Boka er nynorsk (og har godt språk), er lettlesen, og til tider ganske morosam. Nokre gonger på ein litt pinsam måte, andre gonger berre komisk. Så eg kan anbefale hanne til dei som likar lettlesne, ganske morosamme bøker, og som liker å kose seg med lekre ting. For lekker er ho, denne boka. Ein god start for den som ikkje er van med å lese nynorsk er ho òg!