Thursday, June 6, 2013

Feit - mitt liv som tjukkas (Kristian Fjellanger)

Då har det gått ei stund att, sidan eg var innom her og skreiv noko sist. Men no har eg altså lese noko som eg likte att. Denne gongen er det ei sakprosabok. Ei sjølvbiografisk bok om ein som slankar seg. På nynorsk. Altså, han slankar seg ikkje på nynorsk, men han skriv på nynorsk, om at han slankar seg.

Boka på min vesle mac air 13"

Som de ser er ikkje boka feit i det heile. Ho er lita, tynn og morosam. Eg våga meg til å tagge dette innlegget med klasseromserfaring, basert på at eg har lånt bort boka til ein elev. Ein vanleg tredjeklassing som ville førebu seg til nynorskeksamen. Han er ikkje ein av elevane eg ser les oftast, men før han leverte denne boka tilbake til meg, la eg merke til at han las dei siste sidene. Boka er altså så god underhaldning at ein normal norsk avgangselev i vidaregåande skule valde å lese henne ut sjølv om han allereie var ferdig med eksamen. Det var då eg bestemde at denne må eg lese sjølv òg. 

Eg spurde karen kva det var han likte med boka. Svaret var "tja, han har no nokre problem, men det er morosamt å lese om han likevel". Og det kan eg seie meg einig i. Det er Kristian Fjellanger dette, som skriv om korleis det gjekk til at han byrja å slanke seg, om korleis det er å vere tjukk og kva problem ein mann møter når han skal gjere noko med det. Og ikkje minst om kva som motiverer (til dømes å få pult). Som de ser av biletet under, er eg ikkje heilt framand for problematikken eg heller.

Begge desse damene er meg, med eitt einaste års mellomrom. 
Eg er dame, og det er vanlegare for oss å slanke oss, men vi møter mange av dei same utfordringane. Det kjende eg til dømes då eg las om den første som sa noko til Kristian om slankinga hans: "Ja, det må eg seie, du ha ti tå de ein del!" seier kollegaen hans frå Nordmøre, og tåren trillar nesten på meg som sitt på bussen og les. Eg hugsar kor utruleg godt det var at nokon såg det, at eg ikkje var like tjukk lenger. Og så hugsar eg godt det han skriv om all oppmerksemda ein får når en har vorte tynn. Alle som skal skryte av ein, og spørje om etevegring og om ein et nok. Vi damer får klemmar òg, av folk vi nesten ikkje kjenner.

Samstundes er ikkje dette berre ei forteljing om ein kar som slankar seg. Fjellanger stiller spørsmål ved slankeindustrien, gjengjev korrespondanse med politikarar og treningsstudio, deler vonde og gode augneblinkar, og bidreg med tips om kva ein kan gjere for å unngå at Läkerolen verkar enda meir lakserande enn han er til å byrje med. Eg anbefaler denne boka. Til tjukke og tynne og alle andre.

2 comments:

  1. Ju huuu! Back again! Eller rettare sagt: attende att!

    ReplyDelete
    Replies
    1. jepp. anyone's guess når neste innlegg kommer, da ;)

      Delete